Øving og Korona

koronavirus

På styremøte 5. november vart det diskutert om vi skal halde fram med øvingar og om vi er innanfor Regjeringa sine anbefalingar for å hindre smittespreiing. 



Styret meiner vi kan halde fram med øvingar med desse tiltaka:

  • Vi må passe på å halde avstand minimum 1 meter
  • Ikkje ha felles kaffisevering
  • Halde oss heime dersom vi har antyding til symptom
  • Oppfordrar til å bruke munnbind ved samkøyring
  • Ikkje blande torader og trad-laget - grunna å halde gruppene små. Dersom nokon er med i begge gruppene kan ein ikkje gå på øving hos begge gruppene same dag.
  • Loggføre kven som møter på øvingane
  • Dersom Regjeringa kjem med råd om mindre grupper enn dette tek vi pause i øvingane.