Lover for Naustedalen Spelemannslag

Vedtekter for Naustedalen Spelemannslag

Føremål

Naustedalen Spelemannslag har som føremål å samle spelemenn og kvinner, songarar, dansarar og andre interesserte for å dyrke og ta vare på dei lokale tradisjonane i spel, song og dans. Ta vare på og verne om dei gamle slåttemusikk-, song- og dansetradisjonane, og då i fyrste rekke slåttar, songar og dansar som er frå, eller har vore mykje nytta i vårt distrikt.

Lagsverksemda

Laget skal skipe til samkomer med spel, song og dans, drive opplæringsarbeid og ta opp spørsmål som kan fremje folkemusikk-og dansearbeidet.

Tilknytning

Laget og lagsmedlemene skal vere medlemer i FOLK-ORG

Styret

Styret skal vere samansett av leiar og fire faste medlemer. Leiarene blir vald av årsmøtet for eitt år. Styremedlemene blir valde for to år, slik at to av dei er på val kvart år. Det skal dessuten velgjast to varamedlemer til styret og to revisorar for eitt år. Den musikalske leiaren i laget bør kallast inn til styremøta. Styret konstituerer seg sjølv.

Årsmøtet.

Årsmøtet skal haldast kvart år midtvinters. Alle sakene som skal avgjerast her, må vere oppførte på sakslista. Saklista må gjerast kjend for medlemene gjennom rundskriv/og eller lysing i lokalavisa seinast to veker før møtet blir halde. Framlegg til saker på årsmøtet må vere hjå styret minst tre veker før møtet, og dato for årsmøtet må vere kunngjort for medlemene i god tid før denne fristen. Alle som har betalt årspengar til laget, har røysterett på årsmøtet.

Årsmøtet godkjenner framlegg til årsmelding frå styret og rekneskapen for siste rekneskapsår. Vidare vedtek årsmøtet arbeidsprogram og budsjett for det komande året, og årspengar for neste år.

Årsmøtet set kvart år ned ei valnemnd på tre medlemer som i god tid før neste årsmøte, kjem med framlegg til nye tillitsfolk i laget.

Særskild årsmøte

Det skal haldast særskild årsmøte dersom styret finn at særskilde høve gjer det naudsynt, eller dersom minst ein tredjedel av medlemene krev det.

Tilskipingar

Avgjerd om å opptre vert handsama av styret. I hastesaker vert dette avgjort av leiar etter samråd med andre i styret eller med dei som skal opptre. Medlemer av laget som er medlem av andre grupper må ikkje ta på seg å opptre med desse gruppene på tidspunkt som kjem i konflikt med tilskipingar som Naustedalen Spelemannslag har lova å vere med på, utan å ta dette opp med leiar/styret.

Oppløysing

Dersom laget vert oppløyst skal kulturavdelinga i kommunen ta vare på midlane til laget. Dersom laget ikkje vert starta opp att innan 10 år, skal eiga gå til å fremje folkemusikk og folkedans i Sunnfjord kommune. Framlegg til endring eller tillegg til denne lova må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøter, og endringane må godkjennast med 2/3 fleirtal.