100 åringen som ikkje sprang ut av vindauga.

Toradergruppa Magnus Grimset

Magnus Grimset 100 år

Ei gruppe av toradarane vitja Magnus Grimset på 100-årsdagen hans. Magnus var medlem av Naustedalen spelemannslag og spela toradar i ein 10-års periode frå kring 1981. Mellom anna var han med på 2 amerikaturar saman med laget (1985 og 1991).

Toradergruppa Magnus Grimset

Magnus Grimset 100 år

Hundreåringen tok ein oppfordring på strak arm og spela to melodiar solo før gjestane følgde opp med nokre melodiar som ei helsing til jubilanten.. Etter kaker og kaffi takka gruppa for seg med eit par melodiar og nokre historiar frå den tida Magnus var aktiv spelemann.

Her er eit innslag frå NRK hos Grimset