Årets julegåve !

Slåttar frå Sunnfjord II

Naustedalens Spelemannslag har gjeve ut ny CD, 50 år etter Slåttar frå Sunnfjord som vart utgitt på LP i 1975. I 2024 hadde laget 70 års jubileum, så her er det dobbel feiring. CDen kostar kr 100,- for medlemmer i laget og kr 200,- for andre. Dersom vi skal sende den i posten til deg kostar den kr 250,-
NRK har spela fleire melodiar frå plata i sine radioprogram, det bør tyde på god musikkvalitet.

Plata kan kjøpast på alle tilskipingar der laget spelar, eller du kan kontakte leiar i laget, Rigmor Bjørkedal. Du kan betale med VIPPS nr 136504, eller til bankkonto nr 38413507941, merk betalinga med CD.

No har Naustedalens Spelemannslag dobbelt jubileum, Laget var 70 år i 2024 og det er 50 år sidan plata “Slåttar frå Sunnfjord” kom ut. Difor feirar vi jubileet med å gje ut denne CD-plata med melodiar som ikkje har vore gitt ut tidlegare. Det er naturleg at plata kjem ut på Aksent slik som den første plata.

Det meste av musikken er samla inn av Einar Eimhjellen, som har vore med i laget sidan starten, frå lokale spelemenn og utflytte sunnfjord-spelemenn i Amerika.

CD-plata har eit cover med fyldig presentasjon av kjeldene til melodiane.

 

CD