Amerikatur 2016

35 Amtur 2000

Naustedalen spelemannslag har vedteke å satse på ein tur til USA i oktober 2016.

Det er no femten år sidan sist heile laget har vore på USA-tur, så det er på tide med ein ny tur. Sjølv om den «norske» kulturarven etter utvandringa  er temmeleg utvatna , er det framleis stor interesse for norsk eller skandinavisk kultur i USA. I dei seinare åra har laget fleire gonger også hatt vitjing av musikarar frå USA som dyrkar norsk folkemusikk.

Turen vert avslutta i Kent (Washington state). Denne kommunen er søsterkommune til kommunane Naustdal, Førde, Jølster og Gaular.

Styret har valt desse til Turnemnd/prosjektnemnd:  
Oddleiv Hjellum, leiar.
Kirsten Friis, hovudansvarleg for dans
Einar Eimhjellen, hovudansvarleg for musikk         

Aktive medlemar i Laget innan musikk og dans vil ha fyrsteretten til å melde seg på turen. Men for å få eit allsidig program vil deltakarar utanfor laget verte invitert.  Vi satsar på 40 deltakarar.

Det vert laga eit påmeldingsskjema som dei aktuelle deltakarane vil få tilsendt.

Detaljane for turen er ikkje fastsette, men  det førebelse opplegget vert:
- Avgang frå Bergen ca. 1. oktober til Minneapolis.
- Buss frå Minneapolis   gjennom statane Minnesota, Nord Dakota, Montana, Idaho og                               
  Washington til  Seattle.
- Fly Seattle –Bergen ca. 13. oktober. Dei endelege datoar og klokkeslett vert fastsett ca. oktober 2015.

Vi satsar på Sceneframsyning oml. annankvar dag og sonderar moglegheita for å delta i Norsk Høstfest i Minot i Nord Dakota. Det blir også bli vurdert moglegheita til ein dagstur gjennom Yellowstone Nasjonalpark. Overnatting på hotell.

Reise- og hotellovernatting ca kr. 13000,-  Mat kjem  i tillegg. (2014)

Prosjektframdrift: Fram til aug. 2015 påmelding og oppsetting av program. Haust 2015, vår 2016 innøving av program.