Bli medlem !

LOGO  3

Bli medlem i Naustedalen Spelemannslag, Sogn og Fjordane Folkemusikklag og FolkO

 

FolkOrg er - organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Ved å betale medlemskontingent stør du opp om det viktige arbeidet for folkemusikk og folkedans i Noreg.

Medlemsfordelar er mellom anna rabatt på inngang til Landskappleiken, Lansdsfestivalen, Folkelarm og gunstig forsikringsavtale med If. Avtala gjeld både verdisak (bunad og instrument) og ulykkesforsikring.

NB. Om du skal delta på Landskappleiken eller Landsfestivalen i gammaldansmusikk må medlemskontingenten i FolkOrg vere betalt.
Send e-post til leiar i laget med namn og adresse, så formidlar vi vidare.

Det er også andre føremuner med å vere medlem i Naustedalen spelemannslag. Dei som deltek på kappleikar får refundert deltakaravgifta av laget, og dei får gratis tilgjenge på desse tilskipingane. Dei som spelar får refundert ein del utgifter til strenger og reparasjon av instrument. Dei som deltek på eksterne kurs får også stønad. Interne kurs er gratis.

Kva får så laget frå Folkorg?

Om lag same summen som medlemane betalar inn til folkorg får laget att i stønad til aktivitetane våre. Di fleire medlemar og di fleire aktivitetar di meir får me. Me har svært få oppdrag som gjev inntekter, men totalt  har rekneskapen om lag gått i ballanse dei siste åra.

Årskontingent for vaksen er kr. 350, - der kr. 20 går til Naustedalen Spelemannslag, kr. 80 til Sogn og Fjordane Folkemusikklag og kr. 250 til FolkOrg.

Rigmor Bjørkedal
Leiar i laget.