Dans og sosial kveld for eldre i Naustdal Kommune 29.mai 2012

IMG_0187
Karoline Øksenberg, Ingelin Holme og Annika Bjørset er sjukepleiarstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei arbeider med eit prosjektet om helsefremmande og førebyggande arbeid. Temaet er aktivitet, trivsel og velvære. Måla deira er å påverke den psykiske og fysiske helsa til eldre gjennom aktivitetar. Dei har også eit sosialt mål med å styrke eldre si sjølvkjensle og meistring gjennom dans. Dans er ein aktivitet der ein lett kjem i kontakt med andre. Ein kan utvide det sosiale nettverket, kjensla av å høyre til eit fellesskap, kjenne tryggleik og velvære. Dei slår fast at fysisk aktivitet kan vere med å påverke aldringsprosessen, førebygge skade, vedlikehalde og styrke kroppen sine funksjonar. Jamnleg aktivitet gjev meir overskot og ein kjenner seg meir opplagt. Aktivitet verkar også positivt og stimulerande på det mentale området og motverkar utviklinga av kognitiv svikt. Studentane trur mange eldre har, eller har hatt eit forhold til dans. Det er ofte lettare å vere i aktivitet når eldre kan gjere noko dei kjenner frå før. Sjukepleiestudentane tok difor initiativ til å arrangere dans og sosial kveld for dei eldre i Naustdal kommune, saman med Torill Hukset i Frivilligsentralen. Naustedalen Spelemannslag synes ideen var god og stilte gjerne opp. Pensjonistane i Naustedalen si dansegruppe hadde underhaldning og viste litt av reportoaret sitt. Det var sjølvsagt sett av tid til hyggjeleg sosialt samvære med kaffi, vafler og kaker.
IMG_0155
IMG_0156
IMG_0158
IMG_0166
IMG_0167
IMG_0169
IMG_0170
08 IMG_0190
09 IMG_0189
11 IMG_0194
12 IMG_0200
13 IMG_0205
14 IMG_0206
15 IMG_0209
16 IMG_0203
17 IMG_0204