Dans på Ramstadheia

04 Haust 2011
BUL i Florø inviterte til dans i Trollstova på Ramstadheia fredag 11. nov 2011 Toradargruppa og tradisjonslaget bytte på å spele til dans.
Tradisjonen tru, inviterte BUL i Florø til dans på på Ramstadheia. Toradargruppa og tradisjonslaget frå Naustedalen Spelemannslag spelte til dans. Dessuten var det folkedans med ringdans til tradisjonelle folkesongar. Det var humørfylt og god stemning på dansegolvet. BUL, med Bjørg Holmen i spissen hadde som vanleg ordna med kaffi og god mat i pausa. Dei som tok turen til Trollstova på Ramstadheia denne kvelden fekk ein uvanleg fin kveld. Det var trolsk stemning med fullmåne og mild fløyelsluft ute. Mange kunne kaste jakka og gå i kortarma skjorte. Alt i alt var det ein hyggjeleg og vellukka kveld.
01 Haust 2011

Einar Eimhjellen spelar midt i flokken av dansarar
02 Haust 2011

Tradisjonslaget spelar
03 Haust 2011

God stemning på dansegolvet
04 Haust 2011

Toradergruppa med leiar; Kjell Bjarte Vonen