Delinnbetaling

Oppdateing april

Gode USA-fararar!

Utgiftene til USA turen er alt byrja å strøyme på. Eg vil difor med dette be om at alle deltakarane betalar inn kr. 1000,- til prosjektkonto i Naustedalen spelemannslag 37051904606.

Denne summen vil dekke bussane i Noreg og det meste av guiden (Anne) sine utgifter og løn i USA. For dei som ikkje er med på bussen vil pengane gå til avdrag på buss og hotell i USA. Kr. 100 frå kvar turdeltakar vil gå til prosjektutgifter spelemannslaget har, og vil ikkje verte attendebetalt sjølv om ein deltakar skulle melde seg av turen. Buss og hotell i USA kjem eg attende til seinare i vår.

Rekneskapen for turen vert revidert av dei årsmøtevalde revisorane.

Eg minner om at alle no bør ordne med reiseforsikring om de ikkje alt har det. Det billegaste er heilårs avbestillings- og reiseforsikring gjennom ditt eige forsikringsselskap. Dersom du treng ekstra instrument og /eller bunadsforsikring vil dette normalt vere billegast gjennom medlemskapen i FolkOrg.

 

Minner elles om øving i Fosshalla 26. mai og 16 juni. Kl. 2000. På desse øvingane må alle møte då ein skal starte samansettinga av heile programmet. Dei to siste øvingane er 1/9 og 15/9 (generalprøve)