Halvard Svoen

Halvard Svoen 02

Minneord av Einar Eimhjellen

Hallvard Svoen  døydde  tysdag den 6. august 92 år gammal. Hallvard  var bonde på Svoa i Naustdal, men den store interessa hans utanom gardsdrifta var musikk. Det første minnet  eg har om Hallvard var at eg som 10-årig gutunge i eit bryllaup hos slekt  av oss på Fimland høyrde  frisk felemusikk  ljoma mot oss frå låven.  Hallvard og ein annan kar  frå Svogrenda  var  tinga som spelemenn og sat på køyrebrua i låven og spelte medan bryllaupsgjestane dansa på låvegolvet under.

Hallvard Svoen

Hallvard Svoen som er fødd og oppvaksen på Svoa vart gift med Alida Nes i 1952 og dei starta som gardbrukarar på bruk nr. 7  Bjørstad, som var utskildt frå eigedomen der Hallvard vaks opp.  Der vart  det mykje arbeid og slit med nydyrking, bygging av  bustadhus og oppføring av driftsbygning.  Saman fekk dei borna Oddny og Helge.

Då Instedalen Spelemannslag blei oppstarta kring årsskiftet 1953-54 vart Hallvard med i laget. Seinare fekk laget namnet  Naustedalen Spelemannslag og Hallvard var  trufast med i alle år så lenge han var i stand til det.  Det var stort for Hallvard at spelemannslaget to gonger fekk den kjende spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa som kursinstruktør i Naustdal, at han fekk vere med på  plateinnspeling i Oslo i 1975 og tur til USA i 1985. Så sant Hallvard kunne ta fri frå gardsdrifta var han med laget både på fylkeskappleikar og landskappleikar.

I 1991 vart Hallvard utsett for eit slagtilfelle under arbeid heime på garden.  Dette førde til at gardsdrifta måtte leggjast ned og det vart slutt på felespelet ein periode. Sjølv om minnet på andre områder var borte synte det seg, etter ei tid, at den musikalske evna enno var til stades, og han byrja å vere med litt i spelemannslaget igjen.  Det kunne vere slik at sjølv om eg hadde besøkt han på sjukeheimen den eine dagen for å hjelpe han å stemme fela så kjende han meg ikkje igjen neste dag.  Men, så snart vi sette i gang å spele var han med for fullt på alle dei gamle melodiane  som han hadde spelt så mykje før.  Ein annan ting som undra meg var han også hadde evna til å lære nye melodiar, og han lærde dei fort.

På sjukeheimen der Hallvard heldt til dei siste åra kunne du høyre han plystre og tralle i gangane lenge før du såg han. Alltid var han i godt humør. Sjølv om han hadde dette tragiske slagtilfellet som sette han ute av stand til mange ting  trur eg Hallvard hadde eit godt liv  i åra etter. Vi vil alltid hugse Hallvard med glede.

Einar Eimhjellen