Informasjon frå leiar 24.11.2011

 

I styremøte 1. september 2011 vart det vedteke å etablere ei heimeside for Naustedalen Spelemannslag. Signe Mehl sette i gang arbeidet med denne saka og 20 september vart linken til heimesida første gang sendt ut til medlemene.
Tredje november var spelemannslaget  registrert i Brønnøysundregisteret slik at 10. november vart heimesida registrert på eige domene på internett.
Styret vil takke Signe for det gode arbeidet som er gjort med å få dette på plass.
Vi håpar at de som les heimesida også gjev tilbakemeldingar og brukar den.  Ta gjerne kontakt og kom med innspel om korleis vi kan utvikle sida til slik at den blir best mogeleg. Send gjerne info., bilete eller tilbakemeldingar.
 
 
Når spelemannslaget no er registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund som frivillig organisasjon, kan spelemannslaget også bli med i grasrotandelen til Norsk Tipping.
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar, kan velje eit lag eller ei foreining som du ynskjer å støtte – din Grasrotmottakar. Vi oppmodar deg til å støtte Naustedalen Spelemannslag. Det vert lagt ut meir info. på speleøvingar og dans i Fosshalla.
Ein kan finne meir informasjon på www.grasrotandelen .no
 
Dei som har bruk for nye felestrenger, kan ta kontakt med leiar på speleøvingane. 
 

Rigmor