Kinaturen avlyst...
Hei alle saman.
Eg må i dag diverre informere dykk om at me likevel ikkje får delta i Beijingfestivalen slik som me var lova. Etter at ei overordna nemnd (BITF) har handsama programmet skulle ingen gruppper frå Norge vere med. Me har ikkje fått nokon grunngjeving.
Eg legg ved det endelege svaret frå vår kontaktperson i Beijing. At meldinga kjem så seint lagar problem for oss dersom me skal avlyse turen. SAS krev eit avbestillingsgebyr på 3400 kr. Dette vil eg sjølvsagt tinge med SAS om. Eit alternativ er at Travelnet Førde tek over heile opplegget utanom deltakinga på festivalen.
Styret i laget må drøfte situasjonen, og deltakarane må seie si meining.
Helsing Oddleiv