Korleis har musikken til utvandrarane frå Noreg utvikla seg i Amerika

Torfinn Steindal

DEI TOK MUSIKKEN MED SEG

 

Einar Eimhjellen har lagt ned eit stort arbeid i å finne ut av korleis folkemusikken frå Noreg har utvikla seg i Amerika. Mange som utvandra til Amerika var spelemenn og heldt fram med å bruke musikken i sitt nye heimland.

Foto: Torfinn Steindal på heimstaden sin i Kent, Washington

 

Einar skriv: Seinare fekk eg sjølv høve til å reise over til USA og Canada. Under desse turane møtte eg spelemenn av norsk opphav og opplevd musikken deira.  Eg merka meg at mange av spelemennene der borte  hadde ein  annan spelestil enn vi her heime. Dette tykte eg var interessant, og sette meg føre å prøve å finne ut meir om  korleis den norske slåttemusikken har utvikla seg i Amerika. Då eg fekk positive signal både frå Rådet for Folkemusikk og Dans og frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, - som det følgde litt pengar med,  tok eg turar over til Nord-Amerika for å undersøke dette nærare.

 

Prosjektet er utført ved at ein har besøkt spelemenn og festivalar i USA og Canada, snakka med spelemennene og gjort opptak. I tillegg har eg  funne eldre musikkopptak med norske innflyttarar og etterkomarar etter desse. Denne rapporten består av ein tekstdel, og ein lyddel der noko av den musikken eg har plukka opp er lagt inn på CD.

 

Her kan du sjå heile rapporten i PDF format

Musikken her på MP3:

  1. Arne Rivedal ”Amerikansk vals”
  2. Valton Torvik. ”Torviken” med Naustedalen Spelemannslag (1975)
  3. Torfinn Steindal trallar ein parisarpolka
  4. Bill Boyd. Squaredans. “Buffalo Gals”
  5. Arvid Lundin. ”Ole Jonssons vals”
  6. Selmer Pladsen og Elmer Opseth. ”Peek a boo waltz”
  7. Gig Harbor Spelemannslag. Vals
  8. Nordahl Grieg Spelemannslag. ”Kleivalanden”
  9. Twin Cities Spelemannslag. Reinlendar
  10. Trollstilt. ”Rokokoko”
  11. The Hardanger String Quartet. ”Vossavalsen”
  12. Skål Klubb Spelemannslag. Polka etter Archie Teigen.
  13. Paul Wilson. „Oh Hilda“
  14. Harold Herboldt og Burt Larson "Ingrids Dansebarn Waltz“
  15. Loretta Kelley ”Farande fant
  16. Foot Notes. ”Dads Waltz

 

  1. Sør-Dakotas Old Fiddlers. Polka.
  2. Kevin Blom “Lillehammer Schottische”
  3. Dick Rees. ”Peek a boo Waltz”
  4. Dick Rees orkester. “Ole Moe Waltz”
  5. LeRoy Blom. “Waltz”
  6. Norskedalen Trio/Buddy Rundhaugen. Polka.
  7. Andrea Een. “Linerla” reinlendar av Lars Skjervheim.
  8. Smilin Scandinavians. Polka
  9. Seasttle Banjoclub. “Johan på Snippen”
  10. Jeff Anderson ”From Frisco to Cape Cod
  11. Jeff og Jane. Reinlendar.
  12. Harry Johnson. “Sørensens vals”
  13. Aryeh Frankfurter Harpa. ”Gråtarevalsen”
  14. Edvin Morken. “Peek a boo waltz”
  15. Äkta Spelmenn “Vals av Anders Säbb”
  16. Leonard Finseth. ”Otto Gran`s Mazurka”