Munnspelsamling/kurs i Naustdal

24. – 26. september 2021

Kurset blir skipa til av organisasjonen Tradisjonsmunnspel
     med Naustedalen Spelemannslag som lokal arrangør.

Program:
Fredag 24.sept.    18.00 - 19.00 Frammøte og registrering.
Fredag 24.sept.    19.00 - 20.00 Munnspelkurs.
Laurdag 25 sept.  10.00 -18.00  Munnspelkurs m/innslag  om lokal tradisjonsmusikk, stell av
                                                   munnspel mm.
Laurdag 25 sept.   20.00            Open spelemannsfest m/konsert av kursdeltakarane, og dans.
Søndag 26 sept.    10.00 -11.00 Årsmøte i Tradmunnspel.
Søndag 26 sept.    11.00 -12.00 Kurs og avslutning.
Under kurset er det kveldsmat fredag, frukost laurdag og søndag og middag laurdag kl 18.00.
Deltakararavgift  kr. 800,- inklusiv kurs og mat.

Kursstad blir i ungdomshuset Fosshalla som ligg like ved Naustdalsfossen få hundre meter frå sentrum i Naustdal.
Kurset er både for nybegynnerar, litt øvde og viderekomne, og innhaldet blir tilpassa dei som melder seg.   Hovudinstruktør er som før: John Erik Hammarberg frå Sverige.

Kurset er gehørbasert utan notar. Du må ha med eit diatonisk munnspel i G-dur for å delta.   Eit vanleg munnspel med 10 hol er greit men andre spel i G-dur er OK.  

Meir informasjon om opplegget og lydfiler av kursmelodiane blir sendt ut på forhand.  Du finn også informasjon på Tradisjonsmunnspel si nettside  www.tradmunnspill.no.
Deltakarane ordnar sjølv med innkvartering.  Plass til campingvogner og bobilar like ved Fosshalla. Hotell og Hytter: Ekreskogen Hytter, Naustdal tlf. 91363093 (5 km). Scandic Sunnfjord hotell, Førde tlf. 57834000 (12 km). Thon Hotel Førde 57821411 (12.km).  Førde Vandrerhjem tlf.57829960 (14 km). Vi har også nokre plassar med privat innkvartering og for dei som har med sovepose nokre soveplassar i rom i Fosshalla.

Tradmunnsill