Naustdalsspringar

Springar

Vi tek vare på tradisjonsarven

Dansetradisjonar er eit prioritert område for Naustedalen spelemannslag i haust og i tida framover.

I paragraf 2 i lovene for laget står det at: «Hovudføremålet med Naustedalen Spelemannslag er å take vare på og verne om dei gamle slåttemusikk-, song og dansetradisjonane, og då i fyrste rekkje slåttar, songar og dansar som er frå, eller har vore mykje nytta i vårt distrikt.»

Styret har vald Arild Herstad som resursperson for dans i laget. Han skal mellom anna  hjelpe til med å påverke skulane i området slik at dans vert teke på alvor i skulen.

I haust er han med Sigvor Mortensbakke og instruerar i Naustalsspringar på onsdagsdansen i  Fosshalla i Naustdal. Her får omlag 35 par lære seg denne dansen .

Onsdagsdansen er eit samarbeid med Naustdal Ungdomslag, og Spelemannsalget har spela til denne dansen kvar onsdag i skuleåret i mange år. Dansarar frå heile Sunnfjord svingar seg her i alle typar runddansar, nokre turdansar og enkelte bygdedansar. Sigvor har vore danseleiar i alle desse åra.

Oddleif Hjellum