Naustedalen spelemannslag sin aktivitet i sommar

Våravslutning på Kråkenes Naustedalen spelemannslag

Aktiv sommarferie

Naustesdalen Spelemannslag  avslutta fyrste halvår 2014 med våravslutning på hytta til Oddleiv og Oddveig på Kråkenes. Kråkenes er ei lita fjordbygd som ligg tvers over Førdefjorden frå Naustdal sentrum. Nokre kom sjøvegen med Einar sin båt, andre kom landevegen. Her sto det  som vanleg reker og samspel på programmet. Laget tok på ingen måte sumarferie.- Speleåret er inndelt i tre bolkar. Haust, vinter og sumar. Medan haust og vinter for det meste inneheld øvingar og kurs for nybyrjarar, så er sumaren tida for festivalar og andre aktivitetar. Men gjennom heile året spelar laget gjerne til snorklypping, brudlaup og andre festlege høve.

Fyrst litt om korleis laget er organisert i praksis.

Spelemannslaget har to grupper som øver kvar for seg. Vi kallar dei Tadisjonslaget og Toradergruppa,

Tradisjonslaget er felegruppa. Til gamaldans kjem trekkspel, bass og gitar i tillegg til begge gruppene. Dei to gruppene i laget har mange felles slåttar. Det vil seie at ved passande høve spelar saman frå scena. Slåttetilfanget er for det meste lokalt innsamla tradisjonsmusikk frå Sunnfjord. Til bygdedansar vil til vanleg berre felegruppa spele.

Frå opptoget under Førdefestivalen
Frå opptoget

Førdefestivalen 2014

I år var laget invitert til å delta  på Førdefestivalen. Laget spela til dans i festsalen på torsdag den 3. juli, og på laurdag deltok laget i festivalopptoget. Deltakinga på Førdefestivalen var også ein markering av at laget er 60 år i år. Denne invitasjonen er også prov på at laget spelar god gamaldansmusikk.

Oddleiv, Jorunn og Ann Helen danna baktroppen
Oddleiv,Jorunn og Ann Helen danna baktropp
Stor stemming før tevlinga
Nervane under kontroll før tevlinga

Landsfestivalen

På Landskappleiken på Geilo 25. til 29. juni deltok denne gongen kun Leif Erik Stuhaug frå vårt lag, og det var i klasse B hardingfele.

Spelemannslaget deltok på Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Steinkjer 16. til 20 juli. Det var ei lang reise, men laget har delteke på alle landsfestivalar så langt og det forpliktar. Her kan de sjå og høyre oss i tevlinga

 

I pardans senior deltok Marit Fimland/Une Skogli. Einar Eimhjellen var dommar i: 1. Andre instrument solo, 2. Open klasse, 3. Junior samspel.

IMG_6288
Dansespel på landsfestivalen
Buskspel i spelemannsteltet vårt
Buskspel på campingplassen
Naustedalen Spelemannslag i Hyen
Foto Magnar Heimset

Spelemannsfest i Hyen

23. august var det spelemannsfest i Hyen. Her deltok spelemannslaget både i programmet og til dansespelet.

Einar Eimhjellen på munnspel i Hyen
Einar Eimhjellen spelte munnspel i programmet