Norsk-Amerikanske folkemusikarar til Naustdal.

jef og jane drakter
I to veker frå 27. september til 10.oktober hadde vi besøk av Jef Anderson og Jane Johnson.

Jeff Anderson er 3. generasjons innvandrar til USA av norsk opphav. Bestefar til Jeff på farssida kom frå Bergenskanten og bestemora frå Lofoten og busette seg som farmarar i Nord-Dakota. Bestefaren spelte fele og knappetrekkspel. Han hadde mange musikalske vener frå Norge som besøkte dei spelte saman med dei.

Seinare flytte familien til Waterville i staten Washington på nordvestkysten av USA der Jeff vaks opp med 9 onklar, tanter og mor og far som alle spelte ulike instrument. Jeff er kanskje den folkemusikaren i USA som aller best har tatt vare på tradisjonen etter dei tidlege innvandrarane frå Skandinavia. Sjølvsagt er musikken hans prega av andre stilartar enn den Skandinaviske, men til skilnad frå andre norsk-amerikanske folkemusikarar har Jeff aldri vore "heime" i Noreg og blitt prega av den folkemusikalske utviklinga som har vore her.

Jeff spelar mykje på skandinaviske festivalar på den amerikanske vestkysten der han opptrer saman med kona Jane som spelar durspel. Jeff gav ut CD-en ”Fiddling In The Family Tradition” i 2000 og saman med Jane, CD-en ”Nordic Spirit” i 2004.

2a Middag i kystbyen
Jeff og Jane Saman med Oddleiv Hjellum i Florø

2 veker med fullt program

Tysdag 27. september kl. 20.33: Jeff og Jane kom med fly til Bringeland og vart henta av Einar og Marit Eimhjellen. Var innom Horstad skule og helste på toradergruppa som hadde øving, på heimturen.

Onsdag 28. september kl. 20.00: Var med spelemannslaget på onsdagsdansen i Fosshalla.

1a Svanhild
Jeff og Jane i Florø

Torsdag 29. september kl 11.30: Konsert 30. minutt på sjukeheimen Florø- Dagtilbodet. Kaffi. Oddleiv og Einar var med.

3a Tur i Lassehola
På spasertur fram Lassehola på Fimland
Laurdag 1. oktober kl. 20.00: Besøkte sueutstilling på Fimland.
4a Saueutstilling Fimland
Saueutstilling på Indstedalen Skule
5a Med EINEIM orkester
Dansespel på Spelemannsfesten i Naustdal
Spelemannsfest i Fosshalla. Jeff og Jane, Ein. Eim. orkester, Naustedalen Spelemannslag (Tradisjonslaget og Toradergruppa). Konsert og dans.
6a Spelemannsfest
Jeff Anderson og Jane Johnsen held konsert på Spelemannsfesten
7a Jeff i Fosshalla
Jeff anderson
8a Håjen kafe
På Håjen
Søndag 2. oktober kl. 14.30: Middag saman med Einar Eimhjellens Orkester i Håjen kafe/Luftkampmuseet, Naustdal. Konsert kl. 16.00.
9a Håjen kafe
Konsert på Håjen kafe/Luftkampmuseet
10a Helsetunet Førde 2
Konsert på Førde Helsetun

Måndag 3. oktober kl. 20.00 i Horstad skule. Øving saman med Naustedalen spml.

Tysdag 4. oktober kl 15.00: Jeff og Jane og Ein. Eim. orkester. Konsert i Førde Helsetun som var open for klientar og andre publikum. 100 frammøtte.

11a Helsetunet-gåve
Onsdag 5. oktober: kl. 12.00. Alderssenteret Havglytt i Florø, konsert. Jeff, Jane, Marit og Einar. Fekk middag. Kl. 20.00: Onsdagsdansen i Fosshalla med toradergruppa.
16a Nillestova Naustdal
Konsert på Naustdal alders og sjukeheim
Torsdag 6. oktober kl. 11.00: Jeff, Jane, Einar og Oddleiv. Konsert på i "Nillestova" ved Naustdal sjukehjem.
17a Bremuseet i Fjærland
Jeff og Jane saman med Marit Eihjellen

Fredag 7. oktober: Folkemusikkonsert på Sande av Håkon Høgemo som tilhøyrarar.

Laurdag 8. oktober: Vestlandskappleiken i Sande. Jeff og Jane spelte med Naustedalen Spelemannslag. Søndag

9. oktober kl. 19.00: Tur til Bremuseet i Fjærland. Konsert og dans i Nordfjord Museum i Sandane. Jeff og Jane, Ein.Eim. orkester og Austrheim Musikklag. Gåve frå Gloppen

18a  Nordfjord museum
13a Kommunehuset i Naustdal
I kommunehuset i Naustdal
15a Ordførar i Naustdal 2
Jane testar Ordførarklubba
14a Takk for gåve
Takk til Ordførar Håkon Myrvang for gåva frå Naustdal kommune

 

Mandag 10. oktober kl. 11.43: Jeff og Jane reiste med fly frå Bringeland. Einar og Marit følgde dei til Bringeland.

 

Einar Eihjellen