Nyttårsfest i Fosshalla 5.januar

Dalsfjorden spelemannslag
I år vart den tradisjonelle romjulsfesten til Naustedalen Spelemannslag flytta til fyrste laurdag etter nyttår. Her var det dans og underhaldning, kaffi, kaker og åresal med fine gevinster. Nyttårsfesten starta med ei danseøkt der toradergruppa spelte. Etter ein times tid var det tid for konsert, der tradisjonslaget slo an tonen. Tre spente ungar som går på felekurs med Leif Erik Stuhaug som lærar, spelte “Bjørnen sover”, og det lovar godt for rekrutteringa til laget. Dei to eldste av desse spelte og ein liten slått kalla Korrikorri. I tradisjonslaget har vi 4 ungdommar under 20 år som spelte to slåttar, det er Jørund Vallestad (18) trekspel, Sigrun Gjelsvik (17) hardingfele, Margit Mehl (16) hardingfele, og Emil Horstad (15) trekspel. Einar Eimhjellens Gammaldansorkester fortsette med “Bergrosa” av Sven Nyhus og Polska etter Båtsman Däck før Emil Horstad spelte “Return” av Pietro Deiro (marsj). Gjestane våre denne kvelden, Dalsfjorden Spelemannslag, gav oss ein smakebit av programmet som dei hadde i Kyrkja før jul, før konserten vart avrunda av at Naustedalen og Dalsfjorden spelte “Laurdagskveld på Vona” i samspel.
Vidare utover kvelden fekk vi kaffi og kaker og vi svinga oss til langt på natt til tonar frå Dalsfjorden Spelemannslag, Naustedalen Spelemannslag og Einar Eimhjellens Gammaldansorkester.

Tradisjonslaget starta konserten

Nybyrjarkurset
Edel Anne Eimhjellen Aarsbog, Jakob Reiakvam, Eline Eimhjellen Aarsbog

Dei aller yngste

Oline Birkeland er og med på nybyrjarkurset, men var forhindra i delta på festen.
nyttårsfest dei yngste
Lærar Leif Erik Stuhaug
nyttårsfest ungdommane
Jørund Vallestad, Sigrun Gjelsvik, Margit Mehl og Emil Horstad

Ungdommane

nyttårsfest Emil Horstad
Emil Horstad

Emil Horstad

nyttårsfest Einar Eimhjellens orkester

Einar Eimjellens orkester

nyttårsfest Dalsfjorden Spelemannslag
Dalsfjorden Spelemannslag

Gjesteorkester var Dalsfjorden Spelemannslag