Nyttårsfest i Fosshalla

IMG_9566

Trass i at folk ikkje får høyre gammaldansmusikk i radio og fjernsyn lenger blir det dansa etter denne musikken som aldri før kring om i Sunnfjord-bygdene. Laurdag 16.jan inviterte Naustedalen Spelemannslag til nyttårsfest med konsert og gammaldans i Fosshalla i Naustdal. Saman med Indre Sunnfjord Spelemannlag og Gaular Spelemannslag sytte vi for eit allsidig program og fengande dansemusikk. Mange vart med på festen der dei fekk svinge deg i dansen eller berre lytta til musikken og kosa seg med kaffi og kaker frå medlemene i spelemannslaget sin julebakst.

IMG_9549

Leiar i Naustedalen Spelemannslag Rigmor Bjørkedal ynskte velkommen

Naustedalen Spelemannslag opna konserten med alle medlemmane på sena, vi tykkjer det er kjekt å spele sman både toradergruppa og felegjengen vi spela slåttar med tradisjon i Naustdal.  Solospel ved Vegard Slettemakt Følling. Sjå programinnslaget vårt her

IMG_9559

Gaular Spelemannslag

Gaular spelemannslag spela slåttar med tilknytning til Gaular. Solospel ved Dagfrid Vallestad Berivik. Sjå programinnslaget her

IMG_9552

Indre Sunnfjord Spelemannslag

Indre Sunnfjord Spelemannslag spela slåttar med røter frå Jølster. Sjå programinnslaget her

Vi avslutta programdelen med at alle tre laga spelte "Friaren" i lag, Det kan du sjå her

 

IMG_9566

Dans og moro

Etter programmet rydda vi salen og spelemannslaga spelte ei økt kvar. Det var litt kaldt i huset då vi kom, men etter at vi fekk fart på dansefoten steig temperaturen i kroppen. Folk kosa seg med kaffi og kaker innimellom svingom. Takk for ein fin kveld til publikum, og takk til alle medlemmane i laget som er med å tar i når det trengst.