Skottlandtur 2014

Naustedalen spelemannslag har i dei siste 30 åra satsa mykje på kulturutveksling over landegrensa. I år er det Skottland som står for tur.

Laget  har vedteke å satse på ein skottlandstur i år. Laget er 60 år, og det kan passe med ei kulturreise til eit område der dei norske vikingane gjorde strandhogg. Dei rådde også grunne på strendene rundt Irskesjøen på 11-hundretalet.

Turen startar i Largs på sørvestkysten. Der er me med i starten av ein Vikingfestival. Denne festivalen vert skipa til kvart år i fyrste veka i september. Festivalen skal vere til minne om eit stort slag mellom skottar og vikingar i 1263. Eit poeng for oss er at lendmann Eiliv frå Naustdal var med her.

13 musikarar,  12 dansepar og 2 medhjelparar er med på turen. I tillegg til framsyningar vil

skotsk kultur, natur og næringsliv  også vere på programmet.

Detaljane til turen  er framleis under planlegging. Men turen startar i Bergen laurdag 30. august 2014 med fly til Edinburgh. Frå Largs går turen rundt i Skottland. Buss med guide. Torsdag 4. sept. Fly  frå Edinburgh til Bergen.