Slåttearkiv i Evernote

Evernote

Ha alle notar og lydfiler tilgjengeleg

 Naustedalen Spelemannslag har teke i bruk Evernote som staden der vi digitalt kan dele slåttearkivet vårt med alle spelande medlemmer.

“Evernote slåttearkiv” er eit digitalt arkiv for Naustedalen Spelemannslag der føremålet er:

1.      Samle slåttetilfang, dvs notar, lydfiler og video, på ein stad.

2.      Tilgjenge til slåttemateriale for medlemmene i laget.

3.      Arkivet er til bruk for medlemmene i laget, og innhald skal ikkje delast vidare med utanforståande. Styret kan gjere unntak frå denne regelen.

Naustedalen Spelemannslag  eig alle rettane til slåttearkivet. Styret skal ha full kontroll med alle tilgangar. Notar er underlagt lov om opphavsrett. Lydfiler og video skal spelemannslaget ha fulle rettar til, med mindre anna er avtala med opphavsperson.

Medlemmene i laget kan tildelast leserettar til arkivet. Som brukarar skal dei gjerast kjende med vedtekter og avgrensingar for arkivet. Ved å ta arkivet i bruk, godtek dei at det er utelukkande til bruk for medlemmer i laget, og at slåttematerialet ikkje skal delast vidare med andre. Ved misbruk vil vedkomande bli fjerna som brukar. Styret har oppnemnd Jørund Hage som administrator for slåttearkivet han oppdaterar databasen og tildelar leserettar til arkivet .

Slåttane i Evernote  ligg altså «ute på nettet». Vi som brukarar av slåttearkivet kan laste dei ned via Evernote på -mob.tlf., -nettbrett eller -PC, slik at vi kan lytte til slåttane og lese notane. For å komme i gang må du laste ned Evernote til PCen, lesebrettet eller telefonen din. Du kan laste programmet ned til alle tre og ha tilgang til arkivet på alle stader. Du registrerar deg som brukar med ein e-postkonto og lagar ditt eige passord, deretter sender du ein e-post til Jørund som gev deg lesetilgang til slåttearkivet.

Rigmor Bjørkedal

 

Her kan du laste ned Evernote til PC'en din