Spelemannsfest 14.april

LOGO  3

Spelemannsfest i Fosshalla kl 20.00

Naustedalen Spelemannslag inviterer til Spelemannsfest laurdag 14.april i Fosshalla, Vi får besøk av Fjellklang Spelemannslag og mange ungdommar som er på kurs i folkemusikk i Naustdal denne helga.

Det vert ein programdel på festen med innslag frå Fjellklang Spelemannslag og ein flokk unge folkemusikarar frå 12-18 år som vil framføre litt av det dei har lært på TØFT-kurset i Naustdal denne helga. Dessutan vil Ole Nilssen som er prosjektansvarleg for TØFT prosjektet spele trekkspel. Han er trekkspelar og dansar som har markert seg i konkurransar, konsertar og vann Folkelarmprisen 2015 (tradisjonelt samspill) for plata Slåttespel på toradar med trioen Rustad/Nilssen/Ranøien. "TØFT" er ungdomssatsinga til Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Dei har samling helga 14-15 april med Naustdal som kursstad. Folkemusikklaget ynskjer at ungdommane skal kjenne tilknytning til folkemusikkmiljøet og vil framføre noko av det dei har lært denne helga.  

 

 

TØFT-samling i Naustdal 14.-15 april!

Kurs i fele, hardingfele, song, toradar og dans, og deltaking på spelemannsfest i Fosshalla på kvelden. Helga blir arrangert i samarbeid med Naustedalen Spelemannslag.

Instruktørar denne helga er:
Song: Kari Malmanger
Dans: Kirsten Friis
Toradar: Ingrid Standal Sørheim
Fele: Britt Pernille Frøholm
Hardingfele: Sigmund Eikås

Timeplan:
Laurdag:
11.00-12.30 Kurs
12.30-13.30 Lunsj
13.30-15.00 Kurs
15.00-16.30 Dans for alle
16.30- Middag/dansefest

Sundag:
09.00-10.00 Frukost/Pakking
10.00-12.00 Kurs
12.00-13.00 Hentekonsert/Lunsj

Kurset er for deg mellom 12 og 18 år og er gratis.