Spelemannsfest 29.september klokka 20:00

Fana trekkspelklubb 3

Spelmannsfest med trekkspelet i høgsetet

I haust blei det arrangert spelemannsfest laurdag 29. september i "Fosshalla" , denne gongen med "Trekkspelet i høgsetet". Gjesteorkester var Fana Trekkspillklubb frå Bergen og Førde Trekkspelklubb.
Fana Trekkspillklubb i Fosshalla
Fana trekkspelklubb var hovudgjestelag under spelemannsfesten den 29. september. Leiaren deira er Johan Magne Grinde som sit lengst til høgre.
02 Førde Trekkspelklubb
Førde Trekkspelklubb var det andre gjestelaget og gjorde som vanleg sine saker godt. Musikalsk leiar i i klubben er Inge Reksten
Emil Horstad og Jøran Vallestad
Dei to ungdomane Jøran Vallestad t.h. og Emil Horstad spelte ein bruramarsj frå Fjordane og ein vals av Anders Viken til stor applaus frå publikum.
02 Naustedalen Spelemannslag Toradergruppe
Av arrangøren sine musikarar var det toradergruppa i laget som spelte under konserten. Leiar her er Kjell Bjarte Vonen til høgre i bildet. Festen opna med 1 time dans før det blei konsert med Naustedalen Spelemannslag si toradergruppe, ungdomane Jøran Vallestad og Emil Horstad i samspel på trekkspel, Førde Trekkspelklubb og hovudgjestane Fana Trekkspelklubb. Konserten vart leia av musikalsk leiar i Naustedalen Spelemannslag Einar Eimhjellen som tok føre seg trekkspelet si historie frå fritungeprinsippet som kom frå Asia, til Christian Fridrich Ludwig Buschmann og utviklinga vidare med munnspel, durspel og trekkspel slik vi opplever det i dag. Eimhjellen opna med ein bruramarsj på munnspel etterfølgd av torader og trekkspel med dei andre aktørane. Etter konserten var det gammaldans, tango og swing etter musikk av dei same pluss Naustedalen Spelemannslag si tradisjonelle samansetjing med hardingfeler, trekkspel og komp, samstundes som publikum og musikkarar kune forsyne seg frå eit rikhaldig kaffi- og kakebord.