Spelemannslaget har fått nytt høgtalaranlegg.

Høgtalaranlegg nytt

Med støtte frå den statlege Musikkutstyrsordninga har Naustedalen Spelemannslag kjøpt nytt høgtalarutstyr.

Utstyret som er kjøpt inn er 2 stk. Maui 28 som begge  består av ein sub-høgtalar og høgtalersøyler som er festa til sub-høgtalerane. I tillegg er det kjøpt inn ny mixar, 5 mikrofonar og 5 mikrofonstativ.  Både dei lause mikrofonane og gitar og kontrabass er kobla direkte til miksaren slik at utstyret  er fort både å rigge og pakke saman, og å styre. Utstyret fungerar fantastisk godt og gjev ein rein og klår lyd som spreier seg godt i lokalet. Det er heller ikkje noko problem å få nok styrke utan at det blir hyling i anlegget.  Spelemannslaget sine øvingar er lagt opp som annakvar øving med og utan dansarar. Til øvingane med dansarar (som kan utgjere opp til 40 – 50 dansepar) trengst det lydforsterkning, og dette er grunnen til inn kjøpet.