Stønad til utgiving av CD-plata "Slåttar frå Sunnfjord II"
Sunnfjord kommune, Sparebankstiftinga og Norsk senter for folkemusikk og folkedans gav oss tilsaman 50.000,- av kulturmidlar som støtte til prosjektet med å utgi denne siste CD-plata.
Naustedalen spelemannslag takkar desse givarane så mykje for gåvene.

Naustedalen spelemannslag har feira 70-års jubileum kombinert med med produksjon av ei CD-plata. CD-plata inneheld mange slåttar som er samla inn frå sunnfjordspelemenn som utvandra til USA og Canada. Einar Eimhjellen har saman med kona Marit og andre vore meir enn 20 gongar "over there" frå 1985 til 2019 i høve denne saka.
Også gamle instrument er kome attende til heimlandet.
I samband med utvandrarjubileet i år hadde Sunnfjord museum ei utstilling med lyd som skulle vise denne musikalske delen av utvandrarsoga. Museet hadde og to konsertar der Naustedalen spelemannslag deltok, og på den eine deltok og folkemusikarar frå USA med utvandrarmusikk.
Denne CD-plata avrundar det enorme arbeid som Einar Eimhjellen har utført med å ta vare på norsk folkemusikk både lokalt og internasjonalt. Han har tidlegare stått bak utgjevinga av to vinylplater og ein CD, samt diverse kasettar som lydset dette arbeidet. Notehefter og lydopptak høyrer også med. Han har fått Kongen sin fortenestemedalje for arbeidet.
Denne siste CD-en inneheld også ein melodi som er innspelt i USA av ei norskætta folkemusikkgruppe. To medlemar i denne gruppa kom til Naustdal for å vere med på innspelinga av CD-en.
Innspelingsbudsjettet var på ca 70000 kr. Sal av CD-ar er ikkje enkelt i dag då nesten ingen har CD-spelarar. Vi var derfor heilt avhengig av kulturmidlar for å hale prosjektet i land.
Heldigvis var det tre gjevarar som såg verdien av arbeidet vårt:
Sunnfjord kommune gav 10000 kr.
Sparebankstiftinga gav 20000 kr
og Norsk senter for folkemusikk og folkedans gav 20000 kr.
Naustedalen spelemannslag takkar desse givarane så mykje for gåvene.
Dugnadsinnsatsen i laget gjer at alt no er finansiert.!
Heile plata er å finne på Spotyfi
For styret Rigmor Bjørkedal.

