Styremøte 25. april 2016

Sakliste

 

Sak 1. Konstituering av det nye styret i Naustedalen Spelemannslag 2016
Sak 2. Godkjenning av styremøte 21 jan. -16
Sak 3. Oppsummering av Fylkeskappleiken i Kjølsdalen
Sak 4. Påmelding og refusjon på kappleikar
Sak 5. Nye speleskjorter
Sak 6. Speling til 125-års jubileet til  Naustdal kyrkje
Sak 7. Speling til Landsfestivalen
Sak 8. Førebuing til Fylkeskappleiken i Naustdal 2017
Sak 9. Oppdatering / info. -  Amerikaturen
Sak 10. Andre saker

Referat

Sak 1. Konstituering av det nye styret i Naustedalen Spelemannslag 2016
Leiar Rigmor Bjørkedal, Kasserar Oddleiv Hjellum, Studieleiar Signe Mehl. Nestleiar, Heimeside ansvarleg. Styremedlemmer Målfrid Marie Bruland. Dugnadsansvarlig, Styremedlemmer Anne Helen Leknes. Materialforvaltning, loggføring av utlån.

Sak 2. Godkjenning av styremøte 21 jan. -16
Rigmor gjekk gjennom referatet. Referatet vart godkjendt utan merknad.

Sak 3. Oppsummering av Fylkeskappleiken i Kjølsdalen
Godt gjennomført arrangement.

Sak 4. Påmelding og refusjon på kappleikar
Skal Naustedalen spelemannslag dekke deltakaravgift for deltakarar som ikkje er medlemmer i laget?
Hovudregel må vere at det er berre medlemmer som får dekka deltakaravgift på tevlingar og kurs, når dei representerer Naustedalen spelemannslag, så lenge laget har økonomi til det.
Vedtak:
For å få dekka deltakaravgift på kappleikar må ein vere medlem i Naustedalen Spelemannslag og representere Naustedalen Spelemannslag. Så lenge laget har økonomi til dette. Det kan bli gitt stønad til kurs etter søknad til styret.
Enkelt deltakarar i solospel og dansepar skal melde seg på sjølv og får refundert deltakaravgift i etterkant av deltaking. Deltakarar i gruppe for dans og lagspel vert påmeldt av styret.

Merknad frå kasseraren i etterkant av møtet:  Ut frå dei svara eg har fått frå Folkorg sentralt er det både lovleg og vanleg med medlemskap i mange spelemannslag. Personen må berre melde frå til Folkorg om dette, så krev dei inn medlemspengane til dei aktuelle laga. 
Alså: Du er medlem i Folkorg sentralt (kr 250). Dersom du har lyst kan du så kan du krysse av på kor mange lokallag du vil. For Naustedalen er kontingenten kr. 20.-

Sak 5. Nye speleskjorter
Vi får tilbod frå Fjaler profilering, vi skal ha kvite skjorter med svart trykk. Vi ynskjer skjorter med krage, men det kan variere lengde på armane. Rigmor arbeider vidare med saka.

Sak 6. Speling til 125-års jubileet til  Naustdal kyrkje
Laurdag 10. og søndag 11. september, med øving fredag 9. september. Spelemannslaget tek sikte på å delta.

Sak 7. Speling til Landsfestivalen
Landsfestivalen er i Gaupne og vi deltek med tradisjonslaget og med toradargruppa. Einar ynskjer ei øving i mai og ei øving i juni. Kjell Bjarte syter for at toradergruppa samlast til øving.

Sak 8. Førebuing til Fylkeskappleiken i Naustdal 2017
Helga før palmehelga. 31 mars til 2. april, dersom dette er heilt umulig for skulen ynskjer vi helga før 24.-26. mars

Sak 9. Oppdatering / info. -  Amerikaturen
Programmet og reiseruta er no klart med stader for framsyning og spelekveldar. Det vert 51 personar som er med på turen. Fullstendig reiserute vert sendt ut etter møte i reisekommiteen neste veke.

Sak 10. Andre saker

  • Samlingar hos Einar i mai, og hos Oddleiv i juni vert invitert til på kort varsel tilpassa været. Desse arrangementa er for spelande medlemmer. Satsar på å ha ei tilstelling der alle medlemmer vert invitert ved slutten av året.
  • Einar informerte om det årelge munnspelkurset som var i Trondheim 15.-17. april. Der var 35 kursdeltakarar, Einar var instruktør saman med Hammerberg. Naustedalen Spelemannslag var initiativtakarar til å starte opp dette arbeidet som no har ført til at det er danne eit eige lag som kallar seg Tradisjons munnspel eller korta til «Trad. Munnspel» Neste års kurs skal vere på Sotra der Oddleiv Humlestøl er eldsjel. Einar lagar ei pressemelding som vert lagt ut på heimesida vår..
  • Rigmor informerer om at ho har vore i kontakt med Ellen Gulli som arbeider med folkedans i skulen i Naustdal, ho melder om god  driv i arbeidet med å få ungane til å danse folkedans i skulen.

ref: Signe Mehl