Styremøte 5.nov. 2020

Sakliste
Sak 1. Referat frå styremøte 9.sept.
Sak 2 Referat frå Årsmøtet i Sogn &Fj.folkemusikklag
Sak 3 Munnspelsamling i Naustdal 2021
Sak 4 Aktivitetar framover
Sak 5 Andre saker

Referat

Sak 1. Referat frå styremøte 9.sept.
Rigmor las refetatet. Referatet vart godkjent.

Sak 2 Referat frå Årsmøtet i Sogn &Fj.folkemusikklag
Rigmor  orienterte frå møtet. Hovudsak i møtet var drøfting om samanslåing av fylkeslag i Sogn og Fjordane og Hordaland etter fylkessamanslåinga. Det vart bestemt å utsette vedtaket til årsmøtet 2022, då etter å gjennomført ei grundig utgreiing av konsekvensar ved ei eventuell samanslåing. Naustedalen Spelemannslag sitt framlegg vert utsett til årsmøte 2022.

Sak 3 Munnspelsamling i Naustdal 2021
Då samlinga i oktober vart avlyst grunna Korona, har vi fått spørsmål om å vere vertskap for årsmøtet til Trad. Munnspel som då vil vare ei helg, laurdag og søndag med fest laurdags kveld. Styret går inn for å samarbeide med Trad. Munnspel om dette. Naustedalen får avgjere tidspunkt, slik situasjonen er no verkar hausten som mest sannsynleg tidspunkt, men vi tek ikkje avgjer på dette no.  

Sak 4 Aktivitetar framover
Spørsmål om vi skal halde fram med øvingar i forhold til koronatiltak?

Styret meiner vi kan halde fram med øvingar med desse tiltaka:

  • Vi må passe på å halde avstand minimum 1 meter
  • Ikkje ha felles kaffisevering
  • Halde oss heime dersom vi har antyding til symptom
  • Oppfordrar til å bruke munnbind ved samkøyring
  • Ikkje blande torader og trad-laget grunna å halde gruppene små. Dersom nokon er med i begge gruppene kan ein ikkje gå på øving hos begge gruppene same dag.
  • Loggføre kven som møter på øvingane
  • Dersom Regjeringa kjem med råd om mindre grupper enn dette tek vi pause i øvingane.

Sak 5 Andre saker
Representant til valnemnda i tillegg til Kari Hammarset og Asbjørg Løken, stiller Rolf Stuhaug.

 

Ref

Signe Mehl