Styremøte

sakliste og referat

Tid: Torsdag 9. juni Kl.20.00 Stad: Hos Kjell-Bjarte
Sak 1. Godkjenning av referat frå sist møte
Sak 2. Rigmor informerer om «musikk på tvers»
Sak 3 Planlegging av Fylkeskappleiken i 2017 i Naustdal
Sak 4 Oppdatering / info. -  Amerikaturen
Sak 5 Andre saker

Tid: Torsdag 9. juni Kl.20.00 Stad: Hos Kjell-Bjarte

Sak 1. Godkjenning av referat frå sist møte
Rigmor las i gjennom referatet det vart godkjent utan merknad.

Sak 2. Rigmor informerer om «musikk på tvers»
10.sep skal Naustedalen Spelemannslaget delta på eit arrangement som er kalla musikk på tvers. Rigmor sender ut melding til spelemannene om øvingar, Einar har sendt ut e-post med dei slåttane vi skal bruke. Spelemannslaget stiller seg på same linje som Songlaget i forhold til økonomi.

Sak 3 Planlegging av Fylkeskappleiken i 2017 i Naustdal
31/3-1/4 2017 Skal Naustedalen Spelemannslag arrangere Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane. Rigmor orienterte om at ho og Einar har vore på synfaring på skulen.

Kapleiksnemnd:
Kappleiksleiar: Rigmor Bjørkedal
Leiar for økonomi: Irene Kjøsnes Bue
Teknisk nemnd: Kjell Bjarte Vonen
Preminemnd: Per Kristian Langlie
Tevlingsleiar: Oddleiv Hjellum
Leiar i matnemnd: Asbjørg Løken
Informasjon Marknadsføring Sponsor Innkvarteingsnemnd: Signe Mehl

Rigmor kallar inn til eit møte for alle nemnd-leiarane i slutten av august. Der vi plukkar ut dei vi vil ha med oss i dei ulike nemndene.

Sak 4 Oppdatering / info. -  Amerikaturen

Ei avmelding, plassen har vi tilbytt ein annan felespelar.
Programmet og reiseruta er klar.

 

Sak 5. Andre saker

  • Informasjon om speleskjorter
    Rigmor tek i mot bestillingar, Signe lagar ei sak på heimesida om nye skjorter.
  • Per Kristian sin 70 årsdag, Rigmor ordnar med ei gåve frå laget.

 

Ref: Signe Mehl