Styremøte

sakliste og referat

Tid: Torsdag 1.des. Kl.20.00   Stad: Hos Kjell-Bjarte

Sak 1. Godkjenning av referat frå styremøte 9.juni
Sak 2. Juleavslutning
Sak 3. Planlegging av Nyttårsfest
Sak 4. Tilbakemelding frå Amerikaturen
Sak 5. Oppdatering /info vedr.Fylkeskappleiken-2017 i Naustdal.
Sak 6. Andre saker

Desse møtte: Rigmor Bjørkedal, Oddleif Hjellum, Signe Mehl, Ann-Helen Leknes, Einar Eimhjellen., Kjell Bjarte Vonen.
Desse møtte ikkje: Målfid Marie Bruland, vararepresentant.

Sak 1. Godkjenning av referat frå styremøte 9.juni
Referatet frå 09.juni vart lest og godkjent.

Sak 2. Juleavslutning
13. desember på Håjen kl 20:00, dette er toradagruppa sin øvingsdag. Ann-Helen bestiller.
Sigvor Mortensbakke, Joar Solheim,  Kirsten Friis og Ellen Gulli, Atle Åsnes vert invitert.

Sak 3.Planlegging av Nyttårsfest
Dato for festen 21.januar
Amerikaprogrammet vert hovudunderhaldninga på festen
Undersøke om det er råd å få film-materiale frå Frode Fimland, Oddleiv avklarer dette.
Invitere Dalsfjorden Spelemannslag, som bidreg med dansespel, Rigmor kontaktar dei.
Målfrid er dugnadsansvarleg.

Sak 4 Tilbakemelding frå Amerikaturen
Oddleiv las opp eit referat frå turen, (vedlegg til referatet blir limt inn i møteboka).
Det vart arrangert ein mimrefest der det mellom anna dei tre i kommiteen fekk skryt for godt planlagt tur.

Sak 5. Oppdatering /info vedr.Fylkeskappleiken-2017 i Naustdal.
Rigmor orienterte: det har vore to møter, eit der nemndene vart satt saman, og eit der vi var på synfaring på Naustdal Skule som er under ombygging.
Konklusjonen er så langt at lokala vil vere godt egna til Fylkeskappleiken.

Sak 6. Andre saker

  • Oddleiv har sendt ein forespørsel til Førde-festivalen om dei har interesse av å sette opp Amerikaprogrammet i løpe av neste års festival.
  • Hurtigruta kan og vere interessert i å engasjere Naustedalen spelemannslag.
  • Årsmøte 2017 må vere etter 28.februar dersom kasseraren skal kunne delta.

Signe Mehl
-referent-