Sunnfjord Juniorspelemannslag

Det var felles sommaravslutning for alle feleelevar i Sunnfjord 9. juni. Dei spelte saman for første gong, for kvarandre og hadde det kjekt i lag.

Sunnfjord junior spelemannslag 2015
Namn på elevane frå Naustedalen Spelemannslag: Jakob Reiakvam. Eline Eimhjellen Aarsbog, Edel-Anne Eimhjellen Aarsbog, Anna Sølvberg Rygg Dei andre elevane kom frå desse spelemannslaga: Gaular Spelemannslag, Dalsfjorden Spelemannslag, Førde Kulturskule. Foto Synnøve Bjørset

Først var det ei lita økt der dei delte seg inn i grupper etter nivå og lærte litt felles repertoar. Musikalske leiarar på samlinga var Ingrid Heieren, Leif Erik Stuhaug og Synnøve S. Bjørset. Alle foreldre var velkomne til å sjå og høyre kva dei hadde lært.

Denne sommaravslutninga var også "kickstarten" på prosjektet Sunnfjord Juniorspelemannslag, eit initiativ frå Ingrid Heieren som er dagleg leiar og Folkemusikkoordinator i Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

Heieren vil lage ein sosial og musikalsk møteplass for unge felespelarar i regionen. Målet er ei felles samling ein gong i månaden i tillegg til dei vanlege øvingane, og kjem tilbake med meir detaljar om timeplan.

Takk for ein flott konsert, og god sommar!

Helsing Rigmor Bjørkedal