Tur til kina

Spelemannslaget var ikkje velkomne til folkemusikkfestivalen i Beijing, men fleire av dei som skulle reist med spelemannslaget valde likevel å ta turen som vanlege turistar.

 

Den nye kinaturen 2012
 
Som sikkert alle no veit måtte Naustedalen Spelemannslag avlyse den planlagde deltakinga på Beijingfestivalen 2012. På grunn av fredsprisutdelinga for 2011 har Kina frose dei fleste kulturelle og politiske utvekslingane mellom Noreg og Kina. Spelemannslaget fekk ikkje den endelege offisielle invitasjonen som skulle til for å få visum.
SAS kravde innbetaling av 40 % av billetten sidan avbestillinga kom berre 7 veker før avreise. Men utan invitasjon frå nokon i Kina ville ingen få visum, og pengane var tapt.
Styret i spelemannslaget bestemte då at vi skulle selje bilettane til ei ny gruppe som Fjordane reisebyrå sette opp med namnet ”Foerdegruppa”. Gruppereisa vart lyst ut i lokalavisa Firda, og reisebyrået ordna med program og invitasjon frå ein lokal operatør i Beijing. Av dei 36 påmelde i den opphavelege gruppa frå spelemannslaget melde 27 seg på den nye ”Foerdegruppa”. I tillegg kom det 9 nye påmelde, slik at den nye gruppa også vart på 36 medlemer. Alle fekk visum.
Vanlege turistar med lommeboka i orden er framleis velkomne i Kina, men visumprosedyren er mykje vanskelegare enn før, og visumkostnaden er mykje høgre.
Styret i Spelemannslaget synes det er trist at storpolitiske kjepphestar skal hindre ei kulturutveksling som har som føremål nettopp å bryte ned murane mellom folk og nasjonar.
 
Foerdegruppa hadde ein fin tur, og merka ingen ting til isfronten mellom Noreg og Kina i kontakten med vanlege folk.
Sidan dei aller fleste i gruppa høyrde til gamaldansmiljøet i Sogn og Fjordane, fekk me høve til å praktisere på eit par plassar (sjølvsagt etter avtale med guiden). I ein stor park i Beijing vart me med kinesiske grupper som øvde på sving, tango og linedans etter kinesisk musikk. I tillegg tok me sjølve tre songdansar.
Ved den kinesiske mur dansa tre par masurka etter Naustdaltradisjon. (Her etter kalla ”Kinaturen”). På munnspelet som vart brukt sto det ”made i China”.
 
Og snipp, snapp, snute så var eventyret ute og alle vel heime att!!
 
Oddleiv, reiseleiar.

Her er link til innslaget på NRK si nettavis

2012
Beijinggruppa på Himmelske freds plass, Guiden held flagget
Masurka på muren
Masurka på muren
Per spelemann i Beijing
Per spelemann i Beijing
Swing på kinesisk av kinesarar
Swing på kinesisk av kinesarar