Ung Folkedans

ung folkedans

Ung-folkedans startar tysdag 12.november kl. 18.00 i Fosshalla Naustdal.

Vi håpar å få med så mange som mogeleg av unge / ungdomar som har lyst å lære folkedans. Det er frå 8 år og oppover og blir starta frå grunnivå slik at alle kan vere med sjølv om dei ikkje har dansa tidligare.

Instruktør er Kirsten Friis som er utdanna danseinstruktør i folkedans frå Noregs Ungdomslag og Dansestudiet frå Rådet for folkemusikk og folkedans på NTNU i Trondheim. Friis er også dommar i folkedans på kappleikar lokalt og nasjonalt samt A-klasse dansar.

Påmelding til Rigmor Bjørkedal

-leiar i Naustedalen spelemannslag

mob. 913 88 676

e-post:  naustedalenspelemannslag@gmail.com