USA-tur

Referat frå turen

Oddleiv Hjellum har laga eit kort referat som oppsummerar turen vår

Naustedalen spelemannslag  har no landa på norsk jord att etter å ha gjennomført ein fjorten dagars turne frå Minneapolis til Seattle. Vi hadde seks  framsyningar. I tillegg hadde vi ein del kurs og kulturkveldar med lokale krefter.  Dei aller fleste som møtte opp på konsertane våre hadde norske aner, og det var tydeleg at programmet vårt gjekk «heim».  Det var mange blanke augo i salen. Mange stader møtte slektningar til oss på scena opp. Det er  nok framleis marknad for slike turnear som spelemannslaget gjennomførde. Programmet vårt var også svært allsidig med spel, song og dans frå gamal til ny tid og med mange ulike instrument.

Høgdepunkta for oss var vel framsyninga i Mindekirken i Minneapolis, deltakinga på Norsk Høstfest i Minot og framsyninga på festen til Kent Sister Cities Norway Commitee sør for Seattle. Sjølvsagt var vi innom Yellowstone nasjonalpark også ++++.

I nærleiken av Livingston, Montana var vi på omvising på ransjen til Ken Arthun. Etterpå var det grillfest hos verten. Tidlegare på dagen var vi inn på næraste «felleskjøp» og utstyrde oss med cowboyhattar, rutete skjorter og matchande boots. No sto linjedans på programmet vårt. Ein ugløymeleg kveld.

Over alt vart me godt mottekne, og alle planlagde tilskipingar gjekk som dei skulle. Strekningane med busskøyring  var ikkje kjedelege i det heile. Når landskapet var flatt som ei pannekake med lite variasjon, sto folk i kø framfor bussmikrofonen for å dosere seriøse og vitskapelege leksjonar om land og folk. Eller dei framførde  vitsar i alle sjangrar.  

Guide og kjentmann på turen  i USA, Anne Kvellestad held oss i øyra, og ho ordna med stort og smått med profesjonelt grep. Her var det ingen gliptak. Reisenemnda med Oddleiv, Kirsten og Einar kunne slappe heilt av på heile turen. Dei hadde berre ein jobb å gjere under framsyningane og kursa me heldt.

Spelemannslaget har ein tendens til å møte storpolitikken på turane sine. Til Kina fekk me ikkje visum på grunn av den norske fredsprisen til  ein kinesar. I Skottland kom me midt opp i folkerøystinga  om dei skulle melde seg ut av det Britiske Samveldet. I USA råka me midt opp i ein temmeleg heit presidentvalkamp.

Me har enno ikkje fastsett nokon tur til neste år, men det er jo stortingsval til hausten att

Men, etter heimkoma var alle 50 samde om at det hadde vore ein hyggeleg og minneverdig tur, og den gav meismak for mange.

Oddleiv Hjellum, referent.