Ut på tur med musikk og dans

Austerriket 2018

Styret har drøfta tur for laget i 2018. Vi har bestemt å planlegge ein tur til Austerrike i veke 41. (haustferien). Turen vert etter same malen som USA- turen 2016.  Om det går som tenkt vert det ein busstur gjennom Austerrike frå Tyrol til Wien med konsertar undervegs. Fly til og frå Austerrike.

Detaljar om turen kjem seinare. Men, i haust og fram til mars vil aktive dansarar og spelarar kunne melde seg på. Øvingar vert så sett opp til våren og hausten 2018

  • Austerriketur 2018

    Alt er no klart for avreise. Bussen til Gardermoen startar frå Firda Billag, Førde laurdag 6.10 kl. 0340. Det vert travelt i Austerrike. Markt Hartmannsdorf i Steiermark vert utgangspunkt kvar dag med turnebussen.
    7.10 startar me med norsk-steierisk kulturkveld i Markt Hartmannsdorf. 8.10. er me turistar på rundtur med buss. 9.10. Til Graz og Mürzzuschlag med program og dans saman med lokal gruppe. 10.10. Til Arnfels og kulturkveld med buschenschank og lokal gruppe. 11.10. St. Johann ob Hohenburg. Kulturkveld saman med lokal gruppe. 12.10. Eggersdorf med norsk - steierisk bygdekveld.13.10. omvising i Wien sentrum og heimreise om kvelden.
    I korte trekk om ei lang kulturreise. Oddleiv Hjellum, reiseleiar

    2018-10-05 10:44:19
    [Svar]  Link
  • Austerriketur 2018

    Det endelege opplegget for turen er no spikra.
    For å få fly til heile gruppa vil turen gå tur retur Oslo- Wien. 44 medlemer er klare for turen, og to øvingar er gjennomgått. Neste øving vert 12. sept.
    Franz Wolf i Markt Hartmannsdorf er godt i gang med turneprogrammet vårt i Austerrike.
    Oddleiv, turleiar.

    2018-06-08 23:09:27
    [Svar]  Link